Notater |
- Jørstad midtre - øvre og nedre;
Av eit skjøte frå 1705 går det fram at Hågen, son til Amund øvre Midtjørstad, da selde denne garden til Ole Tråset. Gardane var da delte slik at kvar av dei hadde ei landskyld på 2 huder 3 skinn.
Same året, er det og fortalt, at brukaren Arne Knutsen på Nigarden gav pantebrev i garden for eit lån på 80 rd. til Henning Siversen Skaug, så han åtte da sikkert iallfall ein del av garden sjølv.
Arne Knutsen som her er nemnt, var gift med Mari Olsdtr. Torgersrud og vart stamfar til slekta på garden, som frå Arne gjekk i arv frå far til son i minst 5 ættleder.
|